Gavlen

Fellestur

Dato
2. juni kl. 09:45
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Seniorer
Arrangør
Balestrand og Høyanger Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)

Søndag 2. juni tek vi turen til Gavlen på Høyanger sørside. Oppmøte ved Bunnpris Lavik. Vi legg opp til samkøyring i privatbilar og tek ferja som går frå Lavik kl. 10.00.  Når vi kjem i land på Oppedal, køyrer vi vidare til Søreide. Dersom det er snøfritt, køyrer vi Solnipavegen til fjells. Herifrå er det ca. 300 høgdemeter til Gavlen.

Solnipevegen vart bygde i samband med Østerbø kraftverk, og vegen hadde offisiell opning august 2018. Geir Helge Østerbø vil vere med som kjentmann.

Vi reknar med å bruke 3 - 4 timar på turen.

Ta med niste og drikke.

Det er ingen krav til medlemskap i Den Norske Turistforening for å vere med oss på tur. Ønskjer du å melde deg inn i turlaget, kan du lese meir om korleis du blir medlem, prisar og medlemsfordelar på https://www.dnt.no/medlem/

Deltaking på alle turlaget sine turar skjer på eige ansvar.

Gavlen

Søndag 2. juni tek vi turen til Gavlen på Høyanger sørside. Oppmøte ved Bunnpris Lavik. Vi legg opp til samkøyring i privatbilar og tek ferja som går frå Lavik kl. ...

Kontaktinformasjon:

  • Anita Taftø
  • Tlf. 99312587