Blåfjellet om Inngardsstølen frå Indre Oppedal

Fellestur

Dato
24. august kl. 10:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Seniorer
Arrangør
Balestrand og Høyanger Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)

Laurdag 24. august tek vi turen til Blåfjellet 823 moh som ligg på kommunegrensa mellom Høyanger og Gulen. Oppmøte ved Bunnpris Lavik. Vi legg opp til samkøyring i privatbilar og tek ferja som går frå Lavik kl. 10.00.  Når vi kjem i land på Oppedal, køyrer vi vidare til Indre Oppedal og innover mot Inngardsstølen.

Terje Instefjord vil vere med som kjentmann.

Ta med niste og drikke.

Det er ingen krav til medlemskap i Den Norske Turistforening for å vere med oss på tur. Ønskjer du å melde deg inn i turlaget, kan du lese meir om korleis du blir medlem, prisar og medlemsfordelar på https://www.dnt.no/medlem/

Deltaking på alle turlaget sine turar skjer på eige ansvar.

Blåfjellet om Inngardsstølen frå Indre Oppedal

Laurdag 24. august tek vi turen til Blåfjellet 823 moh som ligg på kommunegrensa mellom Høyanger og Gulen. Oppmøte ved Bunnpris Lavik. Vi legg opp til samkøyring i privatbilar og tek ferja ...

Kontaktinformasjon:

  • Anita Taftø
  • Tlf. 99312587