SKITUR TIL MUNKEGGI i Balestrand, 1270 moh, laurdag 20. mars.
Turen vart avlyst pga korona i 2020, men vi satsar på at det let seg gjere å avvikle turen i 2021.
Avreise frå Førde kl 7.45, Høyanger 8.15 og avgang frå Saurdalen kl. 09.30 (parkeringsavgift), Avkøyring frÅ FV55, 5 km før Balestrand, skogsbilveg 7km.
Turen startar på parkeringa i Saurdalen (600 moh) og følgjer Saurdaleggi via Igdedaleggi til Munkeggi. Nedfart via Raunekletten ned til Skåsheim.
Her vert det flott fjell-fjord nedkøyring med to herlege nedrenn som garantert varmer låra J !
Godt eigna for randone og telemark
Det vert turtempo med to raster og tid til å nyte dagen. Ca. 8 timarstur.
Påmelding til Dag Nestegjerde tlf 95079486 For dei som blir med frå Førde vil det kome informasjon om kontaktperson seinare