Kvanngrødfjellet

Fellestur

Dato
13. mai kl. 10:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Arrangør
Balestrand og Høyanger Turlag

Torsdag 13. mai, Kristi Himmelfartsdag, håper vi på godt turver og tek turen til Kvanngrødfjellet, 920 moh.

Vi møtast ved busstasjonen i Vadheim til kl. 10.00 og køyrer til Ullebø. Vi kan dessverre ikkje legge opp til samkøyring i privatbilar i år pga. smittevernsreglar. Det er berre nærkontaktar som kan vere i same bil. Alle må følgje dei nasjonale smittevernsreglane som gjeld.

Turen startar frå Ullebø bru, og vi følgjer skogsvegen innover Ullebødalen. Turen går på merka sti i starten og vidare på varda sti til toppen av Kvanngrødfjelelt. Vi går i roleg tempo. Turtid: 2,5 - 3 time frå Ullebø til Kvanngrødfjellet. Ta med mat og drikke og gjerne litt ekstra kle i sekken.

Påmelding

Gjeldane smitteverninstruksar krev påmelding på grunn av sporing ved eit eventuelt smitteutbrot. Du melder deg på via denne nettsida.

 

Velkommen på tur!

 

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Anita Taftø