Lånefjorden - Lånedalen - Lånestølen - Eringsdalen - Høyanger

Fellestur

Dato
7. august kl. 09:30
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Arrangør
Balestrand og Høyanger Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)
Dette arrangementet er over!

Denne turen blir berre gjennomført ved godt ver. Grunna krav til sporbarhet ved eit eventuelt smitteutbrot, må vi ha påmelding til turen.

Vi møtast ved gjesteparkeringsplassen ved K2 i Dalen/Ekrene for samkøyring innover til Lånefjorden kl. 09.30. Turen følgjer den gamle stølsvegen frå Lånefjorden til Lånestølen. Frå Lånefjorden går vi innover Lånedalen og opp mot Brudalen, ca. 600 moh. Her er nokre parti med noko høg vegetasjon (gras, bregner). I starten på turen går vi i eit område der det beitar storfe.

Når vi kjem opp i Brudalen, får vi ei fantastisk utsikt utover Lånefjorden og fjella som omkransar fjorden. Brudalen er ein frodig dal. Her vil det mest sannsynleg vere mogleg å etterfylle vassflasker dersom nokon har behov for det. I Brudalen passerer vi eit par steinmurar som mest truleg stammar frå tidlegare stølsdrift, før vi går opp Dyreskardet, ca. 860 moh, som er høgste punktet på turen.

Frå Dyreskardet går vi ned til Kaldosvatnet og følgjer stien til Lånestølen. Lånestølen består av fleire velhaldne steinsel. Frå Lånestølen går vi langs Kaldosvatnet til demningen. Er det varmt i veret og nokon føler for det, er det nok mogleg med eit bad før vi legg ut på nest siste etappe; ca 7 kilometer på grusveg til toppen av trallebana. Siste etappe er ca 2500 trappetrinn, eller stien ved trappene, ned til parkeringsplassen. Vel nede håper vi at nokon vil køyre sjåførane som har bilane sine ståande i Lånefjorden, innover så desse får henta bilane.

Dette er ein krevjande tur. Vi vil anbefale gode sko for både terreng og for grusveg. Turtid: 9-10 timar.

Vel møtt til tur!

Lånefjorden - Lånedalen - Lånestølen - Eringsdalen - Høyanger

Denne turen blir berre gjennomført ved godt ver. Grunna krav til sporbarhet ved eit eventuelt smitteutbrot, må vi ha påmelding til turen. Vi møtast ved gjesteparkeringsplassen ved K2 i Dalen/Ekrene for ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Ingunn Kandal
  • Anita Taftø