Årsmøte 2020
Turtrimmen 2020 har vore avholdt i perioden 25. mars til og med 30. september 2020
Turleiaren og kjentmann for turen, fekk ein fin tur til Blåfjellet, 823 moh, som ligg i Høyanger kommune, og like aust for kommunegrensa til Gulen.
19 personar deltok på årets Sognefjorden Panorama-tur. Om det vart så mykje panoramautsikt kan no diskuterast. Turleiaren er uansett imponert over at så mange stilte til langtur i dag med dei usikre vêrmeldingane som var.
Heldigvis skulle meldingane til yr.no, med opplett og lite skodde, slå til då vi tok turen til Gavlen, 1009 moh, som ligg over Søreide på Høyanger sørside. Skodda såg ut til å halde seg vekke, opplett og teikn til blå himmel lovde godt for turen.
10 voksne, 4 ungdommar og ein hund tok turen til Tjønnåsheia og Kvamsstølen på siste påskedagen 2019.
Søndag 10. februar var det trugetur til Templane.
Styret kallar inn til årsmøte i Balestrand og Høyanger Turlag. Årsmøtet vert halde onsdag 28. november 2018 frå kl. 19.00 på Lavik Fjord Hotell.
Laurdag 30. juni gjekk turen til Kjerringa, Solheimskulten og Leineheia på Øvre Lavikdalen i strålande solskinn.
Søndag 27. mai arrangerte Balestrand og Høyanger turlag og Indre Sunnfjord turlag tur langs veglause grender i Sogn. Os turlag hadde også meldt sin ankomst og totalt 59 deltakarar slo følgje på vandringa frå Ortnevik i Høyanger til Sylvarnes i Vik.
Laurdag 9. juni arrangerte Balestrand og Høyanger turlag, saman med Indre Sunnfjord turlag, turen "Sognefjorden Panorama". Turen starta frå Avsnes og gjekk via Fløyen, Hatlelifjell, Duken og Blåfjell, over til Torvund. Vi var ni turdeltakarar som starta turen frå Avsnes. To deltakarar var med til Duken og valde å gå til Torvund utan å vere med til Blåfjell.
10 turdeltakarar gjekk turen Laviksåta - Hellebøstølen laurdag 26. mai. Vi hadde strålande sol frå skyfri himmel og nesten ikkje eit vinddrag i lufta.
Vi var til saman 12 personar som la søndagsturen til Robba i tåke og elles delvis vått og grått ver.
Vi var til saman 18 personar som gjekk turen frå Tjønnås på Lavikdalen til Tjønnåsheia, ned til Kvamsstølen og vidare ned til Lavik sentrum denne søndagen. Turen gjekk i flott vårver, der sola var med oss det meste av turen, og det var vindstille.
I år har DNT gått over til digitalt medlemskap. Vi har også fått ny mobilapplikasjon for medlemsbevis, og det er derfor viktig at du sletter den gamle applikasjonen på mobilen, dersom du hadde den.
Etter at dei fleste hadde fått med seg ein spennande OL-stafett der dei norske herrane tok OL-gull, møtte ni turgåarar opp på Rå for å ta ein søndagstur på truger til Fuglefjell.
Vi var ni som trossa regn, vind og skodde, og tok rundturen frå Myrekrok til Fløyen og Hatlelifjell og ned igjen på Myrekrok.
Balestrand og Høyanger Turlag arrangere opptur. 8.kl ved Høyanger skule for andre gang.
Søndag 28. mai arrangerte Indre Sunnfjord turlag og Balestrand og Høyanger turlag tur langs veglause grender i Sogn. 51 deltakarar slo følgje på vandringa frå Ortnevik i Høyanger til Sylvarnes i Vik.
17 turdeltakarar tok turen frå Gudmundsos til Robba i overskya, men elles fint ver. Lett yr fekk vi ein liten periode.
14 turdeltakarar møtte på Varleite for å ta turen til Skårseggja i eit nydeleg vårver.