Trugetur i tåka til Fuglefjell

Ein strålande gjeng på toppen av Fuglefjell
Ein strålande gjeng på toppen av Fuglefjell Foto: Anita Taftø

Etter at dei fleste hadde fått med seg ein spennande OL-stafett der dei norske herrane tok OL-gull, møtte  ni turgåarar opp på Rå for å ta ein søndagstur på truger til Fuglefjell. 

Vi gjekk i roleg tempo opp grusvegen mot Råsberg. Då vi gjekk av grusvegen og vidare på stien, valde nokre å spenne på seg trugene, medan resten av turfølgje held fram til fots til ca skogsgrensa. Det var greit å ha trugespor frå dagen før å følgje då tåka vart tjukkare og terrenget nesten gjekk i eitt, med unntak av nokre velkjente turmerke (tre, stikke og merkesteinar som ikkje var heilt nedsnødde).

Vel oppe på toppen, måtte gjengen forevigast med fellesbilete. Den fantastiske utsikta som er frå Fuglefjell, fekk vi desverre ikkje nyte i dag. Ein liten matbit og litt drikke smakte godt før returen. Rumpeakebrett til ungdommen er topp når det er fine akebakkar ned att. Når førstemann hadde laga ei renne, gjekk det desto fortare for dei som kom etter. Vi brukte ca. 3,5 time på turen tur/retur.

Takk for turen sjølv om den flotte utsikta som er frå Fuglefjell glimta med sitt fråvær i dag.

Skrevet av Anita Taftø 18. februar 2018