Turrapport - Tjønnåsheia - Kvamsstølen 29. april 2018

Turgjengen samla på Tjønnåsheia
Turgjengen samla på Tjønnåsheia Foto: Anita Taftø

Vi var til saman 18 personar som gjekk turen frå Tjønnås på Lavikdalen til Tjønnåsheia, ned til Kvamsstølen og vidare ned til Lavik sentrum denne søndagen. Turen gjekk i flott vårver, der sola var med oss det meste av turen, og det var vindstille.

4 unge og 14 vaksne møtte opp i Lavik kl. 10.00 for samkøyring til Tjønnås på Lavikdalen. Frå Tjønnås gjekk det i roleg tempo opp bakkane mot Tjønnåsheia. I starten var det nokre blaute område, før vi kom på tørrare lyngområde og fjell. Vel halvvegs mot toppen av Tjønnåsheia måtte vi krysse nokre snøfonner. Dei som hadde brodder med seg, tok på seg desse då snøen var hard og glatt. Alle kom seg greitt over. Vel over snøfonnene og før siste strekka mot varden på Tjønnåsheia, kunne turdeltakarane nyte ei flott utsikt vestover mot Lifjell og Alden. På Tjønnåsheia var det tid for å nyte mat og drikke og skrive seg i fjelltrimboka til Lavik IL før turen gjekk vidare mot Kvamsstølen. På denne strekningen hadde sola stått på ei stund og snøen var noko blautare enn på motsatt side av fjellet. Frå skoggrensa og ned til Kvamsstølen var snøen  meir eller mindre vekke. Ein liten pause på Kvamsstølen høyrer med litt påfyll av mat og drikke og notere seg fjelltrimboka. Vel ein halv time seinare var alle vel nede i Lavik sentrum. Totalt brukte vi ca. 3,5 time på heile turen.

Takk for koseleg tur med hyggeleg turfølgje, og turleiaren ønskjer nye og tidlegare turdeltakarar velkommen til nye turar.