Turrapport - Robba 6. mai 2018

Turdeltakarane på Robba i tåka
Turdeltakarane på Robba i tåka Foto: Anita Taftø

Vi var til saman 12 personar som la søndagsturen til Robba i tåke og elles delvis vått og grått ver.

3 unge og 9 vaksne møtte til fellestur til Robba denne søndagen. Veret var vått og grått, og skodda låg godt ned i fjellsidene. Med friskt mot gjekk vi i roleg tempo frå parkeringsplassen ved Gudmundsos kl. 10.30. Det var ikkje berre i lufta det var vått. Med ein del nedbør og snøsmelting var stien ganske så fuktig mange stader. Elvene var ganske store, men likevel greie å krysse. Frå siste stigningen opp mot Stølsvatnet og opp til toppen låg det framleis ein del snø. Snøen bar godt. På toppen var det null utsikt i dag. Etter ein mat- og drikkepause, notering i fjelltrimboka til Lavik IL, returnerte vi ned att til Gudmundsos. På returen kom vi under skoddebeltet og kunne nyte utsikten over Øvre Lavikdalen med Nordstrandsvatnet og Sørestrandsvatnet og grendene langs vatna.

Turleiaren takkar for hyggeleg turfølgje og ønskjer velkommen til nye turar!