Turrapport - Laviksåta - Hellebøstølen 26. mai 2018

Ein fin turgjeng på Laviksåta
Ein fin turgjeng på Laviksåta Foto: Anita Taftø

10 turdeltakarar gjekk turen Laviksåta - Hellebøstølen laurdag 26. mai. Vi hadde strålande sol frå skyfri himmel og nesten ikkje eit vinddrag i lufta.

3 unge og 7 vaksne møtte opp i Lavik til kl. 10.00. Vi køyrde først ut til Hellebø for å sette att to bilar på parkeringsplassen der, før vi returnerte til Lavik og opp til start for turen, Lavikstølane. Frå Lavikstølane gjekk turen i roleg tempo opp mot Laviksåta. Det er god stigning fleire stader på denne strekninga. Vi hadde ein liten pause på steingarden, som går på kommunegrensa mellom Høyanger og Hyllestad, før siste stigning mot Laviksåta.

Etter ein time var vi på toppen der vi tok oss ein god mat- og drikkepause. Laviksåta byr på flott utsikt vestover mot Lifjellet og Alden. Nordover ser vi store delar av Lavikdalen og toppane av Storehesten og Blegja. Austover ser vi langt innover Sognefjorden og mot sør ser vi over til Brekke, Ortneset og Instefjord.

Turen gjekk vidare sørover over Hellebøheia i lettgått terreng mot Hellebøstølen. Det var framleis nokre få snøfonner att som oppfordra til både aking på skohælar, avkjøling av "sidemann" i turfølgje med snødryss i hovud og nakke og snøballkrig. Turen over Hellebøheia byr på flott utsikt. På eit høgdedrag over Hellebøstølen har Lavik Idrettslag ein trimpost. Vi tok ny pause her før siste etappen ned til Hellebø. Turtid med pausar vart 4 timar.

Turleiaren takkar så mykje for turen og ønskjer velkommen til nye turar i juni.