Turrapport - Sognefjorden Panorama 9. juni 2018

Turgjengen på Hatlelifjell
Turgjengen på Hatlelifjell Foto: Anita Taftø

Laurdag 9. juni arrangerte Balestrand og Høyanger turlag, saman med Indre Sunnfjord turlag, turen "Sognefjorden Panorama". Turen starta frå Avsnes og gjekk via Fløyen, Hatlelifjell, Duken og Blåfjell, over til Torvund. Vi var ni turdeltakarar som starta turen frå Avsnes. To deltakarar var med til Duken og valde å gå til Torvund utan å vere med til Blåfjell.

I strålande sol og god temperatur gjekk turen i roleg tempo på merka sti frå Avsnestunellen, med god stigning oppover til Høgkusen som ligg like over skoggrensa mot Vattekarstølen. Ein kort pause måtte til her for påfyll av litt energi og drikke, og vi fekk no nyte litt av utsikten som turen ville by på. Turen fortsette vidare til Vattekarstølen. Her vart vi møtt av to lam som ville helse på oss. Frå stølen gjekk det vidare i roleg tempo oppover mot Fløyen. På Fløyen tok vi ein noko lengre pause. Nokre av turdeltakarane tok turen over på Vadheimssida av toppen, for å få utsikten innover Vadheimsfjorden, og vi kunne sjå opningen til Bogstunellen 700 meter under oss.

Frå Fløyen gjekk vi ned Fløyskaret og vidare i slakk stigning mot Hatlelifjell. Frå Hatlelifjell gjekk vi på umerka løype vest for Hatlelivatnet og over mot Nordrevikheia. Frå Nordrevikheia gjekk vi nokre hundre meter før vi kom inn att på merka løype. Turen vidare gjekk i slakk unnabakke mot Duken (Tjørnebotnstølen). Vi tok ein ny, litt lengre pause, på Duken før vi skulle ta fatt på motbakkane (godt 300 høgdemeter) mot siste fjelltoppen på turen, Blåfjell. Etter ein kort pause på Blåfjell, gjekk vi den vestlege merka løypa ned mot Torvund. Denne løypa byr på flott utsikt nedover mot Indre Torvund, over på Høyanger sørside og innover Sognefjoren.

Etter ca. 9,5 time, inkludert mange kortare og to litt lengre pausar, var vi vel nede på Torvund. Kor mange liter veske som vart innteke under turen er usikkert, men få var det ikkje i den varmen vi hadde! Ein flott tur var det med ein strålande turgjeng! Takk for turen til dykk alle!