Langs veglause grender 2018

Foto: Knut Furu Strømmen

Søndag 27. mai arrangerte Balestrand og Høyanger turlag og Indre Sunnfjord turlag tur langs veglause grender i Sogn. Os turlag hadde også meldt sin ankomst og totalt 59 deltakarar slo følgje på vandringa frå Ortnevik i Høyanger til Sylvarnes i Vik.

Turen starta frå Ortnevik kyrkje der turdeltakarane følgde traktorveg ut Ortnevika. Vidare gjekk turen på gamle stiar gjennom skog og liar med nokre elvekryssingar. Etter ein times gange kom vi til garden Kroksnes og ein liten halvtime seinare til Nybø. Begge desse gardane er forlengst fråflytte og ber tydeleg preg av det. Frå Nybø beveger vi oss inn i Vik kommune. Ein halvtimes gange frå Nybø kom vi fram til Alræk, 118 moh. Alræk består av 3 nedlagde gardbruk.

Etter ein lengre matpause på Alræk, gjekk ferda vidare mot Vetlesand. Vetlesand har sommardrift med frukt- og bærproduksjon. Garden ligg fint til ned mot sjøen og har eigen kai som hurtigbåten går innom. Stien vidare gjekk gjennom skog til vi kryssa elva Gila, via ei flott bygd trebru. Før Stavedalen kryssa vi elva, Skredbakka. Dei fleste kom seg tørrskodde over. Bruka på Stavedalen er alle nedlagde.

På Indrebø var det tid for ein lengre matpause før siste etappe opp til Hanekam 142 moh. Hanekam består av to nedlagde gardsbruk, men her dukka det opp nokre geiter og hester. Mellom Hanekam og Sylvarnes var det fin skogsveg å vandre på. Sylvarnes er einaste garden det framleis er fastbuande på. Her er det heilårsdrift med kyr, sauer og hest. Skulehuset på Sylvarnes er i dag ei turisthytte, eigd av Vik kommune. Etter 6 timar, med eit par timar pausar til saman, og ein 11-12 km var vi ved vegs ende, Sylvarnes kai. Vi følgde M/S Tansøy til Finden og Vik før vi returnerte til Ortnevik.

Takk til alle for ein hyggeleg tur langs veglause grender!

Foto: Knut Furu Strømmen
Foto: Knut Furu Strømmen