Fellestur til Kjerringa, Solheimskulten og Leineheia

Turgjengen samla på Kjerringa
Turgjengen samla på Kjerringa Foto: Anita Taftø

Laurdag 30. juni gjekk turen til Kjerringa, Solheimskulten og Leineheia på Øvre Lavikdalen i strålande solskinn.

Vi var sju turdeltakarar som starta turen frå Avedalen på Øvre Lavikdal. Vi følgde vegen til inst i Avedalen og merka rute, i lettgått terreng, vidare innover Avedalsmarka. Vi tok ein kort stopp på Avedalsstølen, før turen gjekk vidare mot Kjerringa, som ligg lengst sør på Langedalsfjellet. På veg oppover myrane under Langedalsfjellet, kunne ein allereie no få eit inntrykk av den storslagne naturen og utsikten vi skulle nyte resten av turen.

Turleiaren hadde før turen starta, fått beskjed om at det ville vere folk på Avestølen denne dagen og at turgjengen var velkomne innom på stølsbesøk. På oppstigninga mot Kjerringa, kunne vi vinke til eit par kjente personar som venta på oss på toppen. Etter ein kort mat- og drikkepause, og alle hadde fått skrive seg inn i turboka på Kjerringa, gjekk turen vidare mot Avestølen, som ligg ca. midt mellom Kjerringa og Solheimskulten. På Avestølen kunne vi sette oss godt til rette på verandaen, og vi vart varta opp med kaffe, saft og kjeks. Ein stor takk til Ingrid og Ingvar Aven som inviterte til hyggeleg stølsbesøk.

På Avestølen valde to av turdeltakarane å gå ruta ned att til Avenbukta. Ingrid og Ingvar slo følgje med resten av turgjengen til Solheimskulten, før dei returnerte tilbake til stølen. Frå Solheimskulten gjekk turfølgje som no talde fem personar, vidare mot Leineheia. Her kryssar vi kommunegrensa, og ein del av stien går innom Fjaler kommune. Turløypa mellom Solheimskulten og Leineheia går i noko myrområde, men er lettgått og godt merka.

På Leineheia tok vi ein ny mat- og drikkepause, før siste etappe mot Strandosstølen og ned til Solheim. Ca. 7, 5 time etter vi starta turen i Avedalen, kunne vi sette oss bil, godt fornøgde med dagens tur, og bli køyrde ned til Avedalen.

Turleiaren takk så mykje for nok ein fantastisk tur med triveleg turfølgje. Og, nok ein gong, tusen takk til Ingrid og Ingvar som tok i mot oss for ein hyggeleg pause på Avestølen.