Årsmøte 2018

Frå turen Sognefjorden Panorama i 2018
Frå turen Sognefjorden Panorama i 2018 Foto: Anita Taftø

Styret kallar inn til årsmøte i Balestrand og Høyanger Turlag. Årsmøtet vert halde onsdag 28. november 2018 frå kl. 19.00 på Lavik Fjord Hotell.

Saker som medlemma ønskjer å ta opp på årsmøtet, må sendast styret på e-post: post@bhtur.no innan 21. november 2018.
Alle medlemmer, som har betalt kontingent til Balestrand og Høyanger Turlag for inneverande år, har røysterett.

Det vert enkel servering.

Etter årsmøtet vil Roy Raasholm Fauske frå Indre Sunnfjord Turlag orientere om turleiarutdanninga til DNT og syne bilete frå fellesturar i vårt turområde og frå andre flotte turar i fylket.

Vel møtt!

Helsing
Styret

Skrevet av Knut Furu Strømmen 6. november 2018