Trugetur til Templane

Turgjengen på Templane
Turgjengen på Templane Foto: Anita Taftø

Søndag 10. februar var det trugetur til Templane.

Vi var 10 turgåarar som tok turen til Lavikdalen og gjekk frå Bjørkehaug til Templane på truger. Sola varma då vi gjekk opp lia mot Templane, men på toppen var det ein kald trekk i lufta. Etter ein kort pause, gjekk turen same veg ned att.

Tur/retur brukte vi i dag ca. 1,5 time på turen. Det var forsåvidt hard snø å gå på, og fleire stader var snøen avblesen. På Templane er det flott utsikt vestover til Lihesten og Alden, og fin oversikt over Øvre Lavikdal med Nordstrandsvatnet og Sørestrandsvatnet.

Takk for turen!!

Utsikt over Øvre Lavikdal
Utsikt over Øvre Lavikdal Foto: Anita Taftø

Skrevet av Anita Taftø 10. februar 2019