Turrapport - Tjønnåsheia - Kvamsstølen 22. april 2019

Turgjengen på Tjønnåsheia
Turgjengen på Tjønnåsheia Foto: Anita Taftø

10 voksne, 4 ungdommar og ein hund tok turen til Tjønnåsheia og Kvamsstølen på siste påskedagen 2019.

I strålande påskever gjekk turfølget i roleg tempo oppover bakkane til Tjønnåsheia. På toppen kunne utsikta nytast i alle himmelretningar. Jammen hadde påskeharen vore på tur og lagt igjen eit påskeegg til oss!! Frå Tjønnåsheia gjekk turen vidare i roleg tempo ned til Kvamsstølen og vidare ned til Lavik sentrum.

Tusen takk for ein flott tur med ein strålande turgjeng.