Turrapport - Gavlen

Turfølgjet på toppen av Gavlen, 1009 moh
Turfølgjet på toppen av Gavlen, 1009 moh Foto: Anita Taftø

Heldigvis skulle meldingane til yr.no, med opplett og lite skodde, slå til då vi tok turen til Gavlen, 1009 moh, som ligg over Søreide på Høyanger sørside. Skodda såg ut til å halde seg vekke, opplett og teikn til blå himmel lovde godt for turen.

Vi var tilsaman ni personar og ein hund som tok turen til Gavlen. Frå kaien på Søreide køyrde vi Solnipavegen til fjells og parkerte ved ei lita utkøyring like ved der elva frå Dyttingane renn ned mot Østerbø. Her følgde vi elva oppover til vi kom til stien som deler seg til Kaldbakkstølen og Dyrdalsstølen. Det er ikkje merka sti til Gavlen, men terrenget er forsåvidt lettgått. Vi gjekk mot Dyttingefjellet og vidare mot Gavlen. Vi brukte god tid på turen og kjentmann, Geir Helge Østerbø, fortalte både om utbygginga av Østerbø kraftverk og dei mange nye turmoglegheitene bygda har fått som følgje av bygginga av Solnipavegen. 

Skodda kom og gjekk litt utfor toppen av Gavlen. Vi kunne nyte utsikta med jamne mellomrom. Det er flott utsikt frå toppen over til Austreim og Høyangsfjorden, og flott utsikt utover Sognefjorden med mellom anna Lihesten i vest.

Etter ein pause med mat, drikke og bildetaking, tok vi returen same vegen tilbake.

Dette var ein fantastisk tur, så her kjem vi gjerne tilbake! Stor takk til Geir Helge Østerbø som stilte som kjentmann, og tusen takk for turen alle som var med.

Turleiar, Anita Taftø