Turrapport - Sognefjorden Panorama

Turgjengen på Fløyen
Turgjengen på Fløyen Foto: Anita Taftø

19 personar deltok på årets Sognefjorden Panorama-tur. Om det vart så mykje panoramautsikt kan no diskuterast. Turleiaren er uansett imponert over at så mange stilte til langtur i dag med dei usikre vêrmeldingane som var.

Måndag 10. juni arrangerte Balestrand og Høyanger turlag turen "Sognefjorden Panorama". Turen starta frå Avsnes og gjekk via Fløyen, Hatlelifjell, Duken og Blåfjell, over til Indre Torvund. Vi var 19 turdeltakarar som alle gjekk heile turen.

Vi starta turen i opphaldsver, medan skodda låg på fjelltoppane. I roleg tempo gjekk vi oppover til Vattekarstølen og vidare til Fløyen, 764 moh, der vi tok ein liten pause. Skodda låg tjukk innover mot Vadheim, så det var dårleg med utsikt i den retningen. Frå Fløyen gjekk vi ned mot Fløyskaret og vidare i slakk stigning mot Hatlelifjell, 781 moh. På Hatlelifjell kom regnbygene. 

Frå Hatlelifjell gjekk vi på umerka løype vest for Hatlelivatnet og over mot Nordrevikheia og til det vestlegaste toppunktet på Tverrgavlane, 764 moh. Frå Nordrevikheia gjekk vi nokre hundre meter før vi kom inn att på merka løype. Turen vidare gjekk i slakk unnabakke mot Duken, (Tjørnebotnstølen), 480 moh. Her var det bestemt av vi skulle ta ein noko lengre pause slik at turdeltakarane fekk i seg både vått og tørt til stigninga opp til Blåfjell. Heldigvis disponerte ein av turdeltakarane eit av stølshusa på stølen. Det var ein periode det var både vått, grått og kjøligt i luft så det var fint at vi kunne trekke inn under tak.

Turen gjekk vidare frå Duken til siste fjelltoppen på dagens etappe, Blåfjell 719 moh. På toppen var det både vått, surt og kaldt. Etter at turdeltakarane hadde skrive seg inn i turboka på toppen, gjekk vi den vestlege merka løypa ned mot Indre Torvund. Heldigvis letta vêret på veg nedover, og deltakarane kunne få oppleve litt av den flotte utsikta som er på dette partiet av turen. Vi kunne òg sjå innover mot Avsnes som var startpunktet for turen. Alle kunne konkludere med at hadde vore ein bra marsj dei hadde gjennomført, før vi gjekk ned i flott furuskog som fører ned til skogsvegen i Indre Torvundsdalen. Når ein kjem ned på skogsvegen, følgjer vi denne ca. 1,5 km ned til parkeringsplassen på Indre Torvund.

Turen tok ca. 9 timar og lengda vart av fleire turdeltkarar målt til rundt 22-24 km. Sjølv om ikkje vêret var heilt med oss, hadde vi ein flott tur. Til alle som slo følgje på turen i dag, hjarteleg takk for ein flott tur. Dykk var ein strålande turgjeng! 

Turleiar Anita Taftø