Turrapport - Blåfjellet om Inngardsstølen

Inngardsstølen
Inngardsstølen Foto: Anita Taftø

Turleiaren og kjentmann for turen, fekk ein fin tur til Blåfjellet, 823 moh, som ligg i Høyanger kommune, og like aust for kommunegrensa til Gulen.

Sjølv om det ikkje møtte opp turdeltakarar utanom kjentmann og turleiar, valde ein likevel å gjennomføre den annonserte turen. Frå Indre Oppedal køyrde vi opp til parkeringa ved Fossen. Herifrå gjekk vi til Inngardsstølen og vidare opp lia mot Trunka og nordover mot Blåfjellet. Det var skiftande vêr, med både yr, regn og periodar med opplett. På toppen var det noko vind og nedbør og desverre ingen utsikt i dag. Vi brukte ca. 2 timar frå parkeringa til vi stod på toppen, og vi la returen same vegen.