Balestrand og Høyanger Turlag og koronaviruset

Utsikt frå Fløyen utover Sognefjorden
Utsikt frå Fløyen utover Sognefjorden Foto: Anita Taftø

Balestrand og Høyanger Turlag avlyser alle turar og aktivitetar fram til 1. mai.

Balestrand og Høyanger Turlag vil bidra i den nasjonale dugnaden for å avgrense smitte. Det er difor bestemt at vi avlyser alle turar og aktivitetar fram til 1. mai. Før gjaldt denne avlysinga fram til 19. april, men no er det altså ingen aktivitet fram til 1. mai.

No er det nærtur som gjeld

Ta med deg mat ut i skog, mark eller på stranda. Tenn bål, lag pinnebrød, bu ei natt i hengekøye eller gå ein sti du aldri tidlegare har gått. Turbingo er fin motivasjon for å få borna med på tur og for å gjere turen meir spennande.

Gå gjerne til eit turmål med turpostkassar, men vent med å skrive deg inn i bok. Last heller ned vår digitale turpostkasse SjekkUT. Besøkjer du turane vi har registrert på SjekkUT, set vi pris på du registrerer besøket ditt digitalt.
Her kan du sjekke inn på turmål digitalt heile døgnet. Appen er gratis. Du finn også mange nærturar på UT.no.

4 råd til deg som skal ut på tur i nærmiljøet

  • Kjenn på din eigen form før du legg ut på tur. Er du i kkje i slag, bli heime slik at du unngår å eventuelt smitte andre.
  • God handhygiene. Vask hendene ofte og grundig med såpe og lunka vatn, spesielt når du har vore ute mellom folk.
  • God hostehygiene. Host i papirtørkle som kastast straks etter bruk etterfølgt av handvask, eller hoste/nyse i albuekroken, dersom du ikkje har papirtørkle tilgjengeleg.
  • Hald avstand. (minst 1 meter) til andre personar.


DNT  har samla tips til aktivitetar du kan fylle dagane med

Vi vil elles minne om å følgje Fjellvetreglane når du skal på tur.


Med venleg helsing
styret i Balestrand og Høyanger Turlag