Turtrimmen 2020

På grunna av koronasituasjonen har DNT avlyst alle turar og aktivtetar fram i 1. mai. Styret i Balestrand og Høyanger Turlag vil gjerne at folk kjem seg ut på tur på eiga hand og at dei kan bli betre kjende med dei mange flotte turområda i området vårt. 

Vi har oppretta ei liste med ulike turpostar i Høyanger kommune og tidlegare Balestrand kommune som du kan besøke. For å førebygge koronasmitte, vil det ikkje bli lagt ut bøker på turpostane. Du registrerer turpostane digitalt ved hjelp av app'en SjekkUT. SjekkUT er DNT si digitale turpostkassa. App'en er gratis og kan lastast ned til smarttelefonen din. App'en er inkludert kart, og innsjekking fungerer også offline.

Lista heiter "Balestrand og Høyanger Turlag - turtrimmen 2020" og vil vere aktiv frå 26. mars til 30. september 2020. Her er det ca. 50 turpostar som du kan besøke. Turpostane består av både lette nærturar og nokre lengre toppturar. Vi håper det vil vere turar som passar for dei fleste. Mange av turane er skilta og merka, men nokre av turane er utan merking. Utover turomtale på Ut.no, vil vi anbefale å bruke turkarta Høyanger Vest, Høyanger Aust og Balestrand. Desse kan kjøpast hos lokal bokhandlar, Sport'n Høyanger eller på nettbutikken til DNT. Ortnevik grendelag har gjeve ut kjentmannskartet "Mitt turkart" og turheftet "Min tur!" som kan kjøpast på Høyanger bibliotek og på Nærbutikken i Ortnevik. Lavik Idrettslag har gjeve ut turkart for området "Lavikdal - Lavik - Norevik" som kan kjøpast på butikkane i Lavik og Vadheim.

Alle betalande medlemmer som registrerer besøk på minst 15 ulike turpostar i løpet av perioden, vil få premie. Barn og unge (12 år og yngre) og eldre (67 år og eldre) som er medlemmer, og som registrerer besøk på minst 8 ulike turpostar, vil få premie.

I tillegg til å følgje fjellvettreglane, oppfordrar vi alle i den situasjonen vi er i no, til å følgje restriksjonane satt av nasjonale myndigheter.

God tur!

Med helsing
Styret i Balestrand og Høyanger Turlag

Aktuelle kart for Turtrimmen 2020
Aktuelle kart for Turtrimmen 2020 Foto: Balestrand og Høyanger Turlag
Utsikt frå Tjuatoten
Utsikt frå Tjuatoten Foto: Anita Taftø