Turrapport - Sognefjorden panorama 2021

Turgjengen på Fløyen, første av fjelltoppane på turen Sognefjorden panorama
Turgjengen på Fløyen, første av fjelltoppane på turen Sognefjorden panorama Foto: Anita Taftø

Laurdag 5. juni var vi sju personar som gjekk turen Sognefjorden panorama.

Turen starta frå Avsnes ca. kl. 9.30 og gjekk i roleg tempo på god, merka sti med god stigning oppover mot Vattekarstølen. Over skoggrensa vart det ein kort pause, før turen heldt fram mot Vattekarstølen og opp til Fløyen. På Fløyen var det tid for mat- og drikkepause og registrering av turposten.  For dei som ville, vart det også ein liten avstikkar ut mot kanten av fjellet får å få utsyn innover Vadheimsfjorden og til Vadheim.

Turen gjekk vidare ned mot Fløyskaret og Storetjørna der vi kunne fylle opp att vassflaskene. På Hatlelifjell vart det ein liten pause for registrering av ny turpost. Frå Hatlelifjell valde vi å gå på utanom merka sti. Vi gjekk ned vest for fjelltoppen, kryssa Eidselva og heldt fram mot varden på Norevikheia. Herifrå gjekk vi mot merka tursti som går til Duken. På nedstigninga mot Duken fekk nokre av turdeltakarane sjå hare. Sjølv om det er hare i fjellet, er det ikkje ofte at ein kjem så tett på at ein ser den.

På Duken var det tid for pause med mat og drikke, og lade batteria før siste stigninga opp til Blåfjell. Då vi passerte Tjørnebotnstølen kom dei første regndropane. Regnbyga ga seg i oppstigninga mot Blåfjell, og vi var neste tørre att då vi nådde toppen. Mot Blåfjell såg vi både rype og heilo. Etter ein kortare pause på Blåfjell, gjekk vi merka sti sørvestover ned mot Indre Torvund.

Etter ca. 9,5 time på tur var alle vel ned til bilane på parkeringsplassen på Torvund. Turleiarane vil takke for ein fin tur og eit fantastisk turfølgje på turen. Takk for turen!

Marit Gjersvoll (turleiar for Ytre Sogn Turlag) og Anita Taftø (turleiar for Balestrand og Høyanger Turlag)