Turrapport - rundtur til Fløyen og Hatlelifjell frå Myrekrok

Vi var tre personar som gjekk rundturen til Fløyen og Hatlelifjell frå Myrekrok, laurdag 25. september 2021.

Turen starta frå Myrekrok og gjekk i roleg tempo på stien opp skogen mot Vattekarstølen. Her passerte vi fleire lokale stadnamn som "Kastet", "Øykehola" og "Hella". Skodda låg nedetter fjellsidene på starten av turen, men letta etter kvart. På Fløyen vart det ein kort pause då det var litt surt og kaldt på toppen. Frå Fløyen gjekk vi ned til Fløyskaret, forbi Storetjørna til Hatlelifjell. No hadde skodda letta og vi kunne igjen sjå Sognefjorden på tur ned forbi Nordrestølen og Teigastølen. Nede i skogen ved siste stidele, valde vi å krysse Teigaelva å gå stien til Myra. Teigaelva fekk hard medfart under eit ganske lokalt skybrudd i sommar, og det er ikkje anbefalt å gå her i kraftig regnver og elva er stor!

Takk for ein fin tur med hyggeleg turfølgje.

Skrevet av Anita Taftø 25. september 2021