Turrapport - Lånefjorden, via Lånedalen, Lånestølen, Eringsdalen til Høyanger

Turfølget ved "Den glade vandrer" ved Roesvatnet
Turfølget ved "Den glade vandrer" ved Roesvatnet Foto: Anita Taftø

Laurdag 7. august var vi 12 turglade som gjekk turen frå Lånefjorden, om Lånedalen til Lånestølen og Eringsdalen, til Høyanger. 

Turen starte i Lånefjorden og gjekk innover Lånedalen. Storfea som gjekk i dalen var meir redde oss enn omvendt og trakk seg vekk då vi kom. 

Turen gjekk i eit spennande og variert terreng, frå ca. 20 moh til ca. 860 moh, med start på stølsvegen som vart utsprengt i 1905 for å gjere den meir framkommeleg, gjennom frodige Brudalen med steinmurar frå tidlegare stølsdrift, opp Dyreskardet og ned til Kaldosvatnet og steinsela på Lånestølen. Frå demningen ved Kaldosvatnet, følgde vi anleggsvegen ca. 7 km til toppen av trallabana. Det vart ein liten stopp ved Roesvatnet og "Den glade vandrar". Her vart det bading i vatnet for nokre av turdeltakarane før turen heldt fram. Ein del i turfølgjet valde å gå trappa med ca. 2500 trappetrinn ned att til parkeringa i Dalen, medan andre heller valde stien.

Hanne Bruaas slå følgje med oss på turen. Ho er lokalkjent i området og kunne fortelle mykje frå området. Ekstra hyggeleg var det å legge siste matpausen på hytta til Hanne, nær demningen ved Kaldosvatnet. Der diska ho opp med nytrekt kaffe til turfølget. Nytrekt kaffe smakte ekstra godt etter ein lang tur.

Turtid ca. 7, 5 time med mat- og drikkepausar og eit lite bad i Roesvatnet for nokre av deltakarane. Takk for ein fantastisk tur!