Resultat - Turtrimmen 2021

Utsikt frå trappene i dalen i Høyanger
Utsikt frå trappene i dalen i Høyanger Foto: Anita Taftø

Turtrimmen 2021 har vore avholdt i perioden 1. april til og med 30. september 2021. Det var lagt ut 75 ulike digitale turpostar av ulik vanskegrad, i Høyanger kommune og tidlegare Balestrand kommune, som kunne registrerast på app’en UT.no.

Det er i perioden registrert til saman 1.907 besøk i UT.no-app’en. Det er veldig kjekt å sjå at alle turpostane, med unnatak av Tuva 599 moh, fjellstølen i Måredalen, har registrert besøk. Balabu, dagsturhytta i Balestrand, hadde flest registrerte besøk med 171 innsjekkingar. Synkenhytta, dagsturhytta i Høyanger, hadde 134 innskjekkingar og med ein god andreplass på registrerte besøk. Trappene i dalen i Høyanger var med sine 113 registrerte besøk, den tredje mest besøkte turposten.

Alle betalande medlemmer som har registrert besøk på minst 15 ulike turpostar i løpet av perioden, vil få premie. Barn og unge (12 år og yngre) og eldre (67 år og eldre) som er medlemmer og har registrert besøk på minst 8 ulike turpostar, vil få premie.

Desse har klart kravet til premiering i 2021:

  • Andreas Gjerde Rørvik
  • Hilbjørg Råsberg
  • Oddny Råsberg
  • Anita Tennefoss
  • May Sirikit Bakke
  • Else Britt Nese
  • Anita Taftø
  • Frank Solvorn
  • Monica Gjerde
  • Lars Tore Støldal
  • Randi Sviggum Håre

Skrevet av Anita Taftø 16. oktober 2021