Tur til Robba

Spreke turdeltakarar på toppen av Robba.
Spreke turdeltakarar på toppen av Robba. Foto: Laila Karin Vie

17 turdeltakarar tok turen frå Gudmundsos til Robba i overskya, men elles fint ver. Lett yr fekk vi ein liten periode.

Turen gjekk i lett turterreng frå parkeringsplassen ved Gudmundsos på Øvre Lavikdal. Allereie tidleg på turen fekk vi godt overblikk over Lavikdalen med Nordstrandsvatnet, Sørestrandsvatnet og fjella som omkransar Lavikdalen. Då vi nærma oss toppen, fekk vi utsyn utover Sognefjorden. På Robba var det tid for registrering i trimboka til Lavik Idrettslag og nokre prøvde å registrere turen digitalt på DNT SjekkUT-appen. Ein liten matpause måtte vi òg ha medan vi kunne nyte utsikta ned på Espeland og Espelandsvatnet og mot Lihesten som var delvis omkransa av skodde i dag.

Tusen takk for ein hyggeleg tur med kjekt turfølgje.