Fellestur til Fløyen og Hatlelifjell

Turfølget på toppen av Hatlelifjell.
Turfølget på toppen av Hatlelifjell. Foto: Anita Taftø

Vi var ni som trossa regn, vind og skodde, og tok rundturen frå Myrekrok til Fløyen og Hatlelifjell og ned igjen på Myrekrok.

Det var på førehand knytt litt spenning til vermeldinga for dagen. Men då dagen kom, såg vermeldingane forsåvidt bra ut. Desverre slo dei ikkje heilt til. Undervegs var det periodar med kraftig regn og vind. Skodda kom og gjekk på toppane.

Turen starta frå Myrekrok kl. 10.00 og gjekk oppover til Vattekarstølen. Langs stien er det fleire skilt med lokale namn. Første skiltet, Dronningstredet, står heilt i starten av stien. Opphavet til dette namnet er frå då Dronning Sonja og turfølgjet hennar gjekk denne stien til Fløyen i 2009. Stien går vidare i litt bratt terreng der det er lagt ut tau som det er råd å halde seg i. I ein sving på stien går ein forbi ei furu med skiltet "Kastet". Frå gamalt av vart veden kasta ned langs stølsvegen her. Eit stykke lenger oppe kryssar stien ein liten bekk. Her står skiltet "Øykehola" på eit tre. Øykehola var frå gamalt av kvileplass på stølsvegen. Der var det alltid vatn i tidlegare tider og var drikkeplass for hestane. Før vi kjem over skoggrensa, kjem vi til "Hella". Her er det lagt ut heller som dannar ei lita trapp på stølsvegen. Herifrå er det fin utsikt over Sognefjorden.

Før vi nådde Vattekarstølen, kom regnet og vinden. Vidare oppover mot Fløyen kom skodda sigande òg. Skodda kom og gjekk. Stien er godt merka og ingen var bekymra for å ikkje finne fram. På Fløyen var det registrering i trimbøkene til Vadheim IL og Lavik IL, i tillegg til registrering på SjekkUt-appen. I tillegg vart det kleskifte og matpause før turen gjekk vidare ned på baksida av Fløyen, ned til Hagedalen, vidare forbi Storetjønna og til Hatlelifjell. På Hatlelifjell var det regisrering i trimboka til Lavik IL og ein kjapp matpause før turen gjekk nedover til murane på Nordrestølen, vidare til Teigastølen og ned til Myra og Myrekrok.

Sjølv om det var vått og grått i dag med skodde som kom og gjekk, fekk vi fin utsikt frå Fløyskaret til Vadheim og etter Nordrestølen flott utsikt til Norevikane og over Sognefjorden mot Fuglesetfjorden på Sørsida.

Turleiaren takkar følgjet for ein fin tur der humøret og motviasjonen holdt turen ut i godt fem timar i eit heller varierande turver.