Balestrand turgruppe

Balestrand turgruppe består av ein fast gjeng som møtast kvar torsdag for å gå på tur i lag. Gruppa møtast fast ved "Vestbøkrysset", vegen opp til Sygna vidaregåande skule, kl. 11.15.

Har du lyst å slå følgje med turgruppa, er det berre å møte opp. Gruppa har si eiga facebookside; Balestrand turgruppe der du kan lese om dei mange flotte turane gruppa har gjennomført.

Kontaktperson for Balestrand turgruppe er Karin Mundal, mobil 481 72 479.

Balestrand turgruppe på Sandstølen sommaren 2020
Balestrand turgruppe på Sandstølen sommaren 2020 Foto: Balestrand turgruppe